fredag 16. september 2011

Oppstart 2011

I går fredag var det oppstart på DKL 2011. Første oppgåve var å intervjue ein av medstudentane. Den eg intervjua var ein kar inna Horningdal, Rasmus Gausemel. Han er ein ung mann som går tredje året på lærarskulen, men er ferdig til våren, då han har tatt idrett heilårsstudium før han var i millitæret eit år. No tek han DKL, matematikk og RLE OG pendler frå heimstaden i Horningdal. Han kan fortelle att han ikkje likte spørsmålet om kvifor han ønsker å bli lærar, men han liker å halde på med idrett og kunne jobbe med barn og unge, og derfor vart det læraryrket. DKL ser han på som viktig å kunne bruke i undervisninga, der han meiner fleire lærara treng meir kunnskap om datafaget, og dette blir meir og meir aktuellt i tida som kjem.