mandag 23. april 2012

Informasjonkompetanse


Informasjonskompetanse, våren 2012, DKL.


Vi ser heile tida at nettet utgjer ein stadig større del av mediebruken vår. Særleg er det barn og unge som bruker det. Vi kan finne nærast ubegrensa mengder og mangfald av informasjon. Men er alt som vi finn relevant og til å stole på, eller er det forholdsregler vi må ta for å kunne bruke det vi finn?
Ein definisjon på informasjonskompetanse er :  "...en samling av ferdigheter som gjør en person i stand til å identifisere når informasjon er nødvendig, og som setter vedkommende i stand til å lokalisere, vurdere og effektivt anvende denne informasjonen"( Store norske leksikon).

Før var læringa meir prega av pugging av faktainformasjon enn det vi finn i dag. No legg dei læringsteoriane vi kjenner til, meir vekt på læring som konstruksjon av kunnskap, der det å lære å lære er viktig. Å kunne finne fram til god informasjon, er eit mål i seg sjølv. Korleis kan vi finne relevant informasjon, korleis skal vi velje, vurder og organisere informasjon til ulike mål er noko av det som vi må legge vekt på når vi skal lære elevane å finne den informasjonen som vi er på leiting etter( Nettleksjon 1).

SSB (Statistisk sentralbyrå)  viser oss sentrale kjenneteikn ved det vi kallar informasjonsamfunnet i Norge :
-    Fleire og fleire tenester vert tilbydd via nettet.
-    9 av 10 hushaldningane har internet og 22 prosent av hushaldningane nyttar og mobilt breiband i 2010.
      -     83 prosent av hushaldningane har breiband, flest blant dei med høge inntekter.
      -   Norske hushaldningar har PC og internett-tilgang om lag som i andre nordiske    land, medan norske føretak nyttar IKT mindre enn føretaka i grannelanda.

     - I 2008 omsette informasjonssektoren for 241 mrd kroner, verdiskapinga var på 91
   mrd kroner.
    - Informasjonsektoren hadde om lag 100 000 sysselsette i 2008( Nettbrev 1).
Som vi ser, er dei aller fleste inne på nett, bruker det og det er mange som arbeider med det, og det blir dermed skapt store verdiar av det.

Ein person som er informasjonskompetent er ein person som er klar over at korrekt og fullstendig informasjon er ein føresetnad for gode beslutningar , han innser behov for ny informasjon, han finn mulige informasjonskjelder og kjenner til måtar å bruke søkehjelpmiddel på, han kan å formulere hensiktsmessige søkestrategiar, han søker effektivt etter informasjon, han vurderer den informasjon han finn kritisk og vel ut den informasjon han meinar er passande, og bruker den nye informasjonen på ein kreativ måte( Nettbrev 1).

Ei kort oppsummering av det vi kan hente ut av ulike kjelder gir oss dette :
1. Å kunne søke/finne/lokalisere informasjon
2. Å kunne vurdere informasjon kritisk
3. Å kunne bruke/anvende informasjon ( Nettbrev 1)

Vi har mange ulike søkemotorer som vi kan bruke. Ein god regel er å ikkje bruke googel først, men gå til dei meir seriøse. Men ein treng ikkje avskrive søkemotorane heilt, men vere kritisk og lære elevane korleis ein bør bruke dei. Seriøse aktørar er gjerne leksikon, nyheiter, offentleg informasjon er nokre av dei som vi kan regne med å finne mest mulig relevant og rett informasjon frå( Nettleksjon 2).

Som vi ser, og lærer etter kvart, her er mange ulike søkje metodar som ein kan bruke. Vi som er løarar må halde oss oppdaterte på desse og korleis dei er. Ein ser gjerne etter om dei har reklame, om kva tid dei sit vart oppdatert og om forfattaren skriv under med heile namnet. Alle desse elementa er med på å kunne fortelje oss om ei nettside er til å stole, eller ikkje.

Litteraturliste :

Nettresurs henta 22.04.2012 :

Nettresurs henta 23.04.2012:
Statistisk sentralbyrå http://www.ssb.no/

Nettbrev 1: Informasjonskompetanse 1 - DKL102 - Ivar John Erdal - HVO våren 2012
Nettbrev 2: Informasjonskompetanse 2 - DKL102 - Ivar John Erdal - HVO våren 2012

Sammensatte tekster


Samansette tekstar DKL våren 2012.

I denne bloggen fortel eg om korleis vi laga ein animasjonsfilm i DKL no i vår. Vi var ei gruppe på tre stykke, som hadde eit fritt utgangspunkt i korleis vi kunne gjere det.

Å lage ein animasjonsfilm er : å skape liv gjennom animasjon er noko som dekkar over mange forskjellige teknikkar. Ein kan velje om ein arbeider med det innan eit fag, eller gjennom tverrfaglege samarbeid. Ein må ha fokus på kva og korleis elevane skal lære, og at vurderinga vert ut frå faglege kriterium(Nettbrev).

Prosessen vår var først ein idedugnad. Her bestemte vi kva vi skulle lage og diskusjon om korleis. Vi landa på å lage den moderne versjonen av om eventyret om ”Haren og skilpadda”. Vår versjon av den vart ”Fotballspelaren og nerden”.   Vi brukte tida på slutten av torsdagskvelden med å finne ut kva utstyr vi trengde : datamaskin med Window Movi Maker og Audiocit og ein mikrofon for å ta opp lyd. Vidare trengde vi legofigurar  og plasterlina. Vi fann ut  at vi trengde to kamera for å ta stillbilda, her kan ein og bruke mobilkamera.  

Fredag starta vi med del to av prosjektet. Vi laga eit manus, vi skreiv replikkar, laga figurar i plasterlina og tenkte ut korleis vi kunne få til ein fin bakgrunn, her vart vårt val å bruke smartbord, og funne bilde av ein skule og ein skog.

Neste del vart å ta bilde. Her gjorde vi ferdige dei ulike delane. Vi tok her alle bileta i skulegarden først, og so dei i skogen. Her var det mykje arbeid, då vi måtte flytte alle figurane slik det ser ut som dei beveger på seg.  Desse bilda er det lett å flytte i movimaker, for å få dei i rett rekkefølgje. Vi tok ca 200 bilete, som vi redigerte, velde ut dei som passa best og sette i hop til ein film på nokre minutt. Samtidig laga vi lydspor i Audiocity og la desse til i lag med bileta i movimaker. Etterpå klipte og limte vi alt i hop, såg og høyrde gjennom det og gjorde forandringa, slik vi til slutt hadde ein heile bildefilm og vise fram.

Vi viste filmen fram til dei andre i klassa, forklarte korleis vi hadde gjort ting, og korleis vi såg vi kunna ha gjort andre ting, for å få det betre. Blant anna fekk vi litt problem med eit kamera so ikkje fungerte, vi hadde litt problem med ulikt lys på bileta, og det var vanskeleg å få tatt alle bileta frå eksakt same plassen, dvs litt urolig biletetaking. Med å vise den til dei andre, fekk vi tilbake melding på det andre meinte. Dette er noko som er viktig for læring.

Vi var einige om at dette var ein fin måte å lære korleis ein kan lage ein film. Bruket i skulen kan ein bruke det i mange fag, og gjerne tverrfagleg. Vi brukte mellom fire og fem tima på å lage denne filmen. Gruppa vår var enoge om dette kunne kanskje brukast som eit dgasprosses i skulen. Det kan sikkert brukast i dei aller fleste klassetrinn, men ikkje dei aller yngste, då det krevje ein del kunnskap og ein må vere strukturert. Arbeidet til elevane kan ein lagre i ei elevmappe, ta det fram igjen og gjere forandringar på etter kvart.
Alle på gruppa meinte dette var ein fin arbeidsmåte. Vi brukte littlang tid på klipping og lyd, men dette er noko som ein sikkert får meir tak på når ein prøver fleire gangar, øving gjør meister.

Link til filmen fin ein her : Fotballspelaren og nerden
  
I eit Nettbrev frå Høgskulen i Volda finn  vi ein detaljert beskriving, som viser ein god måte å gjere det på. Denne er fin å ha som eit utgangspunkt for vidare arbeid i skulearbeidet, eg teke med dei viktigaste punkta:

Idédugnad på kva som skal vera med
Synopsis: Ein kort tekst der du forklarer idéen til filmen din og dei viktigaste dramaturigiske elementa. Det er vanleg å bruka «hollywood-modellen for den dramaturgiske oppbygginga, med anslag, stigning, vendepunkt og klimaks i forteljinga.
Premiss (påstanden) er kjernesetningen handlinga skal byggja på.  
Pitch: Kjernespørsmåla handlinga byggjer på: Kven skal filmen handla om? Kva er problemet? Kva nytt og uventa skjer? Korleis vert det løyst Korleis endar det?  Kan tankekart vera middel for å få fram synopsis?
Maunskript: Då er handling og replikkar på plass. Skal vera skrive slik at ein ser for seg kva som skjer og skal vera eit reiskap i gjennomføringa av filmprosjektet

Bildemanus I bildemanus er alle bilde/scener i filmforteljinga teikna. Det blir ein type teikneserie, med beskriving bla av kameravinklar . Lyd/lydeffektar er også notert
 Dreiebok/opptaksskjema  For å få oversikt over alle scenene som skal animerast og alt som føregår der, er det vanleg å laga ei dreiebok eller opptaksbok/opptaksskjema.
 Både regissør, fotograf og lydteknikar kan ha sine eigne opptaksbøker. Det er for å hugsa på kva som skal skje når scenene i animasjonen skal spelast inn.  Dreieboka består berre av ord
Rettleiings- og refleksjonsfase
Etter første forsøk er det rettleiing/refleksjonsfase.  Korleis var prosessen?  Vart måla nådd? Kva skal til for å gjera det betre?  Denne fasen kan gjennomførast både med eigenvurdering, elev-elev-vurdering og med lærarrettleiing. Den digitale forteljinga let seg retta opp. Fasane fram til det dei lærande vil ha i poritfolioen sin kan gå i fleire rundar til dei er nøgd med resultatet. Det ferdige produktet er tilgjengeleg og kan dokumentera for føresette/andre elevane sine faglege prestasjonar. Dokumentasjon av prosessen kan visa i elev-portefølgjen( Nettbrev HVO).

Litteraturliste :

 Nettbrev :
Bjorøy, Kjartan : Samansette tekstar-1 våren 2012  : Digitale multimediale tekstar. Høgskulen i Volda.





søndag 22. april 2012

Animasjonfilm

Fotballspelaren og nerden er historia vi laga i emnet samansette tekstar våren 2012. Vi ser vi kunna gjort ting på andre måtar, men med begrensa tid vart det slik......

IKT og TPO


IKT og TPO, DKL 2012
Å kunne tilpasse opplæringa til elevane på alle trinn i skulen er eit overordna mål i den norske skulen. Alle elevane har rett til ei opplæring som passar deira nivå og deira føresetnader. Å kunne bruke IKT i TPO har eit mykje større potensiale enn det skulen har gjort seg nytte av. Utfordringa er å kunne sjå korleis og når ein kan bruke dette i undervisninga.

Alle elvane skal når dei arbeider med faga få møte utfordringar. Dei skal alle ha noko som dei kan strekke seg mot. Dei skal ale saman føle dei høyrer til i det same fellesskapet. Alle skal få føle glede ved å nå måla sine og kunne få følelsen av å meistre. Dette gjeld og elevar med særlege vanskar, eller særlege evner og talent på ulike område.

Skolen skal ha rom for alle, og lærarane må derfor ha blikk for den einskilde. Undervisninga må tilpassast ikkje berre til fag og stoff, men også til alderstrinn og utviklingsnivå, til den einskilde eleven og den samansette klassen(LK06).

Derfor er det viktig for ein lærar å sjå den enkelte elev og kunne nytta seg av dei evna dei enkelte har. Nokre lærer best ved å lesa (visuell læringsstil), medan andre lærer best ved å lytta (auditiv læringsstil) (Nettleksjon, HVO).  Dette kan styrke læringa og utviklinga for både eit fellesskap, og ikkje minst for den enkelte. Opplæringa skal gi alle elevane, ein skal ikkje la kjønn, alder og sosial, geografisk, kulturell og språkleg bakgrunn vere med på å styre kva den enkelte elev kan lære. Alle skal ha høve til å utvikle seg gjennom arbeid med dei ulike faga i det som skal vere eit inkluderande læringsmiljø. TPO for kvar enkelt elev skal giast ved variasjon i bruken av både lærestoff, arbeidsmåtar  og læremiddel. Vidare skal det vere variasjon i organiseringa og intensiteten i det dei skal lære(Opplæringslova).

Korleis kan då vi som er lærarar  bruke IKT som eit av dei instrumenta vi har for å kunne gi elevane økt utbytte i læringa. Dei mest vanlege midla vi bruker er : tekstbehandlar, presentasjonsverktøy, nettstadar for å søkje etter informasjon og tenester for å gi informasjon. Vidare har vi mange ulike nettstader og liknande som har ulike program som elevane kan bruke. Eg har sjølv brukt litt av desse til eigne barn, og ser at fleire av desse er med på å gi økt læring og forståing. Mange lærarar er flinke til å vise elevane og foreldra kor dei kan finne slikt, dei skriv om dei på lekseplanar  eller på skulane sine heimesider. På denne måten kan elevane arbeide med dei i lag med foreldra, utan om skuletida. Foreldra er ein viktig ressurs å bruke, det er ofte dei som kjenner barna best.

Det er viktig for lærarane og skulane, å halde seg oppdatert på dei ulike hjelpemidla som ein kan få tak i. Det har etter kvart vorte mange av dei, også mange spesial program. Ein må kunne vurdere dei opp mot kvar andre, og det som kan passe for ein elev, passer ikkje nødvendig for ein anna. Ein har ein del gratisprogram som ein kan laste ned og prøve, for å sjå om desse kan passe til dei kritereia som ein er på jakt etter.

Litteraturliste :

Nettleksjon :
IKT og tilpassa opplæring våren 2012 : Digitale verktøy i tilpassa og spesielt tilrettelagt opplæringa. Høgskulen i Volda.

Nettresurs henta 20.04.2012:

onsdag 18. april 2012


 Digital arena, DKL 2012
Her skal eg skrive litt om digital arena, kva er det?  Eg har sjølv tre barn i alderen 9 til 15 år, som er opptatt av og bruker data, telefon og spel til dagleg. Dei chatter, sender meldingar, gjere lekser og finne informasjon med nokre enkle tastetrykk. Dette er noko som vi foreldre er klar over, og vi let borna våre få bruke desse virkemidla utan å vere særleg kritiske…. eller  bør vi følgje meir med på kva dei gjere på?

Grunnen til eg startar bloggen sliker at eg sete i FAU ved skulen der to av mine barn går. På skulen der har det vore fleire tilfeller av mobbing. Vi i FAU har tatt tak i dette, og vart einige om å hyre ein organisasjon som heiter Barnevakten.no. (http://eu.battle.net/wow/en/)

Dei er ein organisasjon som kjem rundt og held temadaga eller temakvelda. Temaet blir kalla digital mobbing. Først snakkar dei med elevane( ca 200 elevar, pliktig oppmøte), og so med foreldra( ca 100 som møtte opp). Dette hadde tysdag 19 april, og eg skal gjengi det som eg synst var det mest overraskande og som eg kan ta med meg vidare inn i yrket som lærar.
Foredragshaldaren hadde undersøkingar å vise til. I ein skule i nærleiken til Sykkylven, var det ca 25 prosent av elevane som hadde mobba, eller vorte mobba, i forhold til andre undersøkinga( nasjonalt) der ca berre 10 prosent som seie det same. Dette er høge tall, som vi må ta på alvor.

Barn og ungdom er dei som lærer fortast nye ting, og data er for dei aller fleste unge noko som dei kan bruke. Barnevakten.no viser til at det er dei eldre( oldingane) som er dei som er dårlegast på data, og gjere mest feil i bruken av det.

Spel på nett er noko som dei aller fleste barn gjere mykje, men er vi som foreldre klar over at fleire av desse spela også har chatte funksjon?. Er vi klare over at mange barn lever heile livet sitt inne på nettet?. Eit døme som vi fekk høyre om, er eit spel som heiter World of Warcraft http://eu.battle.net/wow/en/. Dette er eit spel som mange har blitt heilt hekta på. Ein kan spele på lag med andre, og mange har ikkje tid, eller får lov til å slutte av, då det går uttover dei andre som ein spelar på lag med. Dette er noko som vi må følgje godt med på, vi må ikkje la datamaskina ta over for andre aktivitetar. Mange av elevane retta opp handa på andre spel dei hadde spelt, og fleire av desse spela hadde aldersgrense på både 15 og 18 år. Det som vi som foreldre fekk vete, er at det er spillselskapa som sete aldersgrensene på spela, so det er ein grunn til spel har den og den aldersgrena. Vi bør ikkje la ungane våre få kva som helst spel, vi må ha i tankane kva som er bra for den enkelte.

Facebook er for folk over 13 år, dette må ein kvittere  for når ein melder seg inn. Då elevane fekk spørsmål om kor mange som var på facebook, svara ca 100 av 200 dei var der. Og alderen til våre elevar var 4 til 7 klasse, dvs frå 9 til 13 år, so her er det mange som er medlem før dei får lov. Bør vi tillate ungane våre kva som helst før dei er gamle nok? Dess yngre dei er, dess mindre kan dei. Vi må lære dei opp i kva som er rett og galt.

Med dei ferdigheitene  mange elevar har, er det ikkje noko problem for dei å manipulere eit bilde. Ein historie vi fekk høyre, er om ein som gjorde det, han fekk ei jente og ein gut til å sjå ut som dei heldt rundt kvarandre. Og bilde vart lagt ut på facebook rett etterpå…… Dette er ikkje moro for den det gjeld, og om ein tenker på rettslige, har denne eleven lov å gjere det?

Desse døma er nokre av dei vi fekk høyre om, og som er viktige for oss å ta med oss inn i læraryrke. Elevane har no masse muligheiter i den digitale verden, som vi ikkje hadde for 20 år sia, ein har hatt ein enorm utvikling desse åra. Vi må følgje med på kva elevane, eller borna gjere på. Vi må ha kontroll på om dei bruker spel og liknande før dei har lov og er gamle nok. Vi bør ikkje sleppe dei fri, men kanskje gi dei ei viss tid dei får bruke på digitale media.

Litteraturliste :
Nettresurs, henta 18.04.2012 : http://eu.battle.net/wow/en/