mandag 28. november 2011

Tekst


Tekst Haust 2011
Her skal eg skrive litt om tekst. Korleis kan ein bruke tekst inn mot IKT? Ein ser gjerne( eller såg gjerne) tekst som noko som elevane skapte på skulen. Men tekst kan vere mykje meir enn det. Den vanlege teksten som er ”trykte eller skrevne ord, setningar, avsnitt som er føyd saman til en enhet”(SNL 2009) som kan vere eit av fleire  beskriving, brev, forteljing, roman, novelle skodespel og dikt eller anna. Når ein tek inn undervisninga tek ein og med biletstoff, film og lydopptak. Ein har då  fått inn utrykk som kallast samansette tekstar og munnlege  tekstar. Tekstproduksjonen har tradisjonelt høyrt heime i skrivefaga, norsk og engelsk.

Våre mål i DKL skal vere å vete kva som ligg i nokre omgrep som : tekst, digital tekst og samansette tekstar. Vi skal kunne seie noko om kvifor vi skal bruke IKT som for eksempel i tekstskaping i skulen. Vi skal ha oversikt over sentrale omgrep og sjangrar innan innan tekstar produsert gjennom IKT. Vi skal ha fåt idear, inspirasjon og forslag på korleis vi kan skape tekst med bruk av IKT, og vi skal kunne overføre og gjere oss nytte av disse kunnskapane i vår eigen arbeidssituasjon.
Den måten vi har brukt tekst på er gjennom mappeoppgåve 1. Der har vi gjennom samarbeid i ei gruppe på 4 stykke, lært oss om korleis vi kan samarbeide om å skrive ei oppgåve der vi ikkje treng å sete i samen klasserommet, men kan sete heime og skrive kvar for oss. Vi kan sjå kan dei andre som er pålogga er, og vi ser med ein gang kva den enkelte skriv eller gjere av forandringar. Vi kan kome med tips og spørsmål til kvarandre, og forandre på kvar andre sine tekstar. Det som eg meinar er ein fordel med å bruke den i ein skulesituasjon, er at då er alle elevane tid stades på same tidspunktet. Derfor arbeide alle med det same på same tidspunkt.
Denne måten å jobbe på gjer elevane ei følelse av dei er med og bestemmer og lager ei oppgåve i fellesskap. Dette kan gi svake elevar meistringsfølelse, og dei flinke elevane kan hjelpe dei svake. Her er mange muligheiter til å få dette til, men ein ser at læraren bør ha ein god del kunnskap om korleis han ønskjer dette gjennomført.
Å kunne møte elevane på det nivå dei er på er viktig for alle lærarar å få til. Korleis dei ulike elevane lærer, kan variere frå elev til elev. Å finne den passande vegen å ga, kan vere vanskeleg, men med å bruke IKT i undervisninga, har eit  godt hjelpemiddel for å kunne nå enda fleire av elevane(Høiland og Wølner, 2007).

Litteraturliste :
DKL Tekst veke 39 og veke 40. HVO 2011
Høiland, T. & Wølner, T. A. (2007). Fra digital ferdighet til kompetanse - om didaktikk for arbeid med digitale medier i skolen (1. utg.). Oslo: Gyldendal Akademisk

Mappeoppgåve 2

I denne oppgåva skreiv vi om lyd, og korleis vi kan bruke det inn mot skulen og for å nå dei kompetansmåla ein har i Kunnskapsløftet. Ein del av oppgåva var å legge inn og redigere bilete, og den siste delen er å legge inn ei lydfil. Ei oppgæve som skal vise vi har fått på plass mykje av det grunnleggande når det gjeld digital kompetanse. mykje av det vi her har lært, er enkelt å kunne ta med seg ut i skuledagen.

Lyd


Lyd
Kva er lyd? Lyd er no noko ein høyrer eller lagar heile tida tenkte no eg då vi starta med delemnet lyd på DKL 101.Kvifor og korleis skal ein bruke lyd i undervisninga? Det som eg først og fremst tenker på når eg skal bruke lyd inn i undervisninga, er gjerne å kunne bruke det som eit element i sampansette tekster, som ein del av eit fellesskap der ein set saman bilde og lyd. Med å bruke lyd som eit av elementa, kan ein
-          Lage kvalitative betre produkt
-          Unngå grunnleggande feil og frustrasjonar
-          Og få meirverdi i læringsarbeidet gjennom å kombinere fleire læringsmål.
I læreplane er bruken av lyd nemnd fleire plassar. Eg tek med nokre frå engelsk, for å kunne vise korleis ein kan bruke dei inn i undervisninga. Dette er kompetansemål etter 10ande klasse :
lese og drøfte et representativt utvalg litterære tekster fra sjangrene dikt, novelle, roman og skuespill fra den engelskspråklige verden (LK06)
Her er det ein fin muligheit til å kunne bruke lyd. Om vi ser på eit dikt på engelsk, kan elevane lese dette inn på ei lydfil. Dei kan då høyre på den etterpå. Om dei ikkje meinte denne var bra, kan ein enkelt slette den og lese inn på nytt. Ein kan vere fleire i lag, og samanlikne det dei har lest inn. På den måten får elevane høyre ulike talemåtar og uttale av ord. Dette gjer at elevane får læring  i ord og uttale. Ein kan enkelt lagre dette som ein gjer. Ein kan ta det fram igjen seinare, og lytte til det. Ein kan samanlikne det som ein elev har gjort eit år, med det han gjer året etter. Då har elevane muligheiter til å høyre forskjellane. Som lærar er dette ein god måte for å finne ut kor den enkelte elev står og gjere vurderingar om måloppnåing og gjere grep for å hjelpe elevane.
Eg må her nemne smartbord som ein del skular brukar meir og meir. Her er det mange muligheiter. Med å ta opp lyd med hjelp av smartbord, kan elevane lage forteljingar med bilete eller teikningar, og lese inn tekst som passar til. Då er ein inne på samansette tekstar, og gode muligheiter til å lære.
Vi har mange program vi kan bruke i skulen for å lære om lyd. Eit av dei som vi har brukt no i haust, er eit program som heiter Windows Vista. Her kan ein ta opp og lagre lyd. Med å bruke denne, har vi lært om høgtaler og korleis ein kan regulere lyd og anna.  For å kunne produsere lyd, har vi brukt audacity, som er eit gratisprogram som ein kan laste ned og bruke i skulen. Her er lenka til det : http://audacity.sourceforge.net/

Når det gjelde lydfiler som ein kan bruke, finst det mange ulike. WAV og  MP3, er nokre av dei som vi bruker mest. Men ein har mange fleire, eg går ikkje inn på det tekniske på kvar enkelt.
Som vi har sett og lært gjennom bruken av desse, har ein mange muligheiter til å kunne bruke lys inn i undervisninga. Men for å kunne bruke det, må ein ha det tekniske på plass. Som lærar må ein kunne klare å sjå korleis ein kan bruke lyd med tanke på kompetansemåla og korleis ein kan kombinere ulike læringsmål, med å bruke samansette tekste, her har eg tenkt då mest på lyd og bilde i engelsk undervisning.
Kjeldeliste :
DKL 101, Lyd 1 og Lyd 2. HVO 2011.

Hensyn

Hensyn
Dette  delemnet teke føre seg kva omsyn ein må bruke når ein skal publisere eller bruke andre sine bilde eller andre ting. For ein trur sikkert ein kan bruke dei bilda ein teke sjølv, slik som ein ønskjer? Det vi ser er at det er mange mulige tilfeller ein kan kome opp i.  Vi hadde fleire oppgåve som vi gjekk gjennom, der vi måtte tenke over om vi kunne bruke bilda. Måle vi skau sete igjen med etter dette delemnet er vi skulle ha ein grunnleggande innnsikt i opphavsrett og personvern, og kva omsyn ein må gjere når ein skal publisere på internett. Vi skal ha fått kompetanse til å kunne gi andre råd om dette, og kor ein kan finne meir informasjon om emnet. Og vi skal ha fått sjølvtillit til å kunne gå i gang med arbeid i lag med elevane, som inneberer publisering på nett.
Som ein ser er det mykje ein må sete seg inn i. Eg vil prøve å sete ord på ein del av reglane med å vise nokre bilete som eg har på maskina mi, og korleis eg tenker meg desse brukt. Dette ser eg opp mot øvingsoppgåva som vi hadde på høgskulen i Volda i november og hensyn delemnet vi har vore gjennom.
Bilde over vise mine eigne barn, som ligg på Facebook profilen eg har. Om dette var eit bilde eg fann på ei privat heimeside, kunne eg då berre bruke det ? Nei, her måtte eg ha tatt hensyn til personvern og opphavsrett til bilete. Men om det var mine barn,  og ein anna ha tatt bilete, måtte eg ha opphavsrett. Men når det gjeld personvern, kan eg avgjerde litt på grunn av alderen til barna. Men her er det fole lurt å bruke sunn fornuft, og spør ongane kva dei meinar. Om eg har tatt bilete sjølv, bør eg spørje ungane først om kva dei meinar, men her må ein ta hensyn til alder og juridisk rett.

Bilde over viser ikkje nærbilde av ansikta til foka som er med på bilete. Kan eg publisere det om eg finn det på nett? Ein må ha opphavsrett, eller hente inn den for å bruke det. Om dette var mine ”barn”, er det nok å hente inn løyve med fotografen for å bruke det. Om det var mine ”barn” på bilde, kan eg bruke det slike eg ønskjer, så lenge eg har tatt bilete sjølv.
Som ein ser er det mange feller ein kan gå i når det gjeld bilete og publisering på nett.
Her er ei oppsummering av det som forelesarane meinte kunne treffe dei aller fleste av punkta når det gjeld opphavsrett og personvern :

Du har lov til å bruke et hvilket som helst fotografisk bilde, til hva som helst,
hvor som helst, når som helst, så lenge:
1. materialet uten tvil ikke vil være beskyttet av Lov om opphavsrett til åndsverk.
eller:
2. du har fått tillatelse til den konkrete bruken du vil gjøre av materialet direkte fra den
som innehar opphavsretten.
og:
3. det ikke er personvernhensyn som kan forhindre slik bruk.
4. publiseringen ikke er kriminaliserende i seg selv (omfattes av
straffelovgivning etc.)
5. det ikke er forhold som gjør den bruken du ser for deg etisk uforsvarlig. ( DKL. Hensyn, HVO, 2011).
Åndsverklova (http://www.lovdata.no/all/tl-19610512-002-042.html) tek føre dei viktigaste lovene når det gjeld å finne ut om ein har lov eller ikkje lov å bruke eit bilde eller andre ting( td lydfil) som ein skal publisere. Dette er noko ein bør lære elevane å finne fram i, so dei veit kva som er rett og gale.

Rekneark


Rekneark
Rekneark er ein del av det som vi skal innom I DKL. Vi er her innom to delemne, der det første teke føre seg eit teknisk utgangspunkt. Eg har ikkje sjølv brukt rekneark noko særleg, kunn på ein del øvinsoppgåver gjennom tida på HVO. Her har vi fått ei innføring i korleis ein kan bruke rekneark. Det reknearket eg sjølv bruker er Microsoft Excel 2010. Ein har og andre typar, som Goggle Spreadsheet  og Openoffice kan og brukast, i lag med andre gratis program.
Det som eg brukte ein god del tid på, var å kunne finne ut korleis formlane ein må bruke for å sete inn dei rette tala og teikna. Då dette var på plass, vart det med ein gang mykje lettare å sjå ein heilskap i korleis det fungerte.

Korleis kan ein bruke rekneark i undervisninga ? Matematikk er eit fag der ein kan bruke matematikk mykje. I kunnskapsløftet finn ein dei ulike læringsmåla som elvane skal kunne etter dei ulike trinna. Eit døme er etter 10ande trinn :

Matematikk - eleven skal kunne
  • sette opp enkle budsjett og gjøre beregninger omkring privatøkonomi.
  • bruke, med og uten digitale hjelpemiddel, tall og variabler i utforskning, eksprimitering, praktisk og teortisk problemløsing og i prosjekt med teknologi og desgin.
  • lage, på papirt og digital, funksjoner som beskriver numeriske sammenhenger og praktiske situasjoner, tolke de og omsette mellom ulik representasjoner av funksjoner, som grafer, tabeller, formler og tekst.( LK06)

Dette er sikkert det dei fleste lærarane bruker rekneark til. Men det som blir ei utfordring for oss er å kunne bruke rekneark inn mot andre fag enn matematikk. Med å bruke det inn mot andre fag, er ein med på å gi elevane meir digital kompetanse. Med andre fag tenkjer eg på i Naturfag, der læringsmål kan vere : Fenomener og stoffer :

-          gjennomføre forsøk med lys, syn og farger, beskrive og forklare resultatene (LK06)

i Samfunnsfag kan ein bruke rekneark i desse emna :
Samfunnsfag - eleven skal kunne
  • å behandle og sammenligne tallmateriell om faglige tema, og å bruke, tolke og lage tabeller og grafiske framstillinger. 
  • gjøre rede for størrelse, struktur og vekst i befolkninger og drøfte befolkningsutvikling og flytting i nyere tid.

 

Her ser ein at ein har mange muligheiter til å sete opp ulike typar rekneark. Ein kan bruke rekneark inn mot kroppsøving, samfunnsfag og andre. Her er det berre fantasien og kunnskapane til den enkelte lærar som kan sete stopper for kva ein kan bruke det til. Dette er noko eg håper eg får bruke i læraryrket, då eg ser dette er noko som kan vere eit fint alternativ for elevane å bruke i staden for vanleg undervisning og for å kunne bruke den femte grunnleggande ferdigheit.

http://www.udir.no/Lareplaner/, henta 20.11.2011.


 Rekneark 1 DKL101 hausten 2011 og  Rekneark – 2. HVO 2011