Ny Informasjonskompetanse,
våren 2012, DKL.
Vi ser
heile tida at nettet utgjer ein stadig større del av mediebruken vår. Særleg er
det barn og unge som bruker det. Vi kan finne nærast ubegrensa mengder og
mangfald av informasjon. Men er alt som vi finn relevant og til å stole på,
eller er det forholdsregler vi må ta for å kunne bruke det vi finn?
Ein
person som er informasjonskompetent er ein person som er klar over at korrekt
og fullstendig informasjon er ein føresetnad for gode beslutningar , han innser
behov for ny informasjon, han finn mulige informasjonskjelder og kjenner til
måtar å bruke søkehjelpmiddel på, han kan å formulere hensiktsmessige
søkestrategiar, han søker effektivt etter informasjon, han vurderer den
informasjon han finn kritisk og vel ut den informasjon han meinar er passande,
og bruker den nye informasjonen på ein kreativ måte( Nettbrev 1).
Ei kort
oppsummering av det vi kan hente ut av ulike kjelder gir oss dette :
1. Å kunne
søke/finne/lokalisere informasjon
2. Å kunne
vurdere informasjon kritisk
3. Å kunne
bruke/anvende informasjon ( Nettbrev 1)
Vi har
mange ulike søkemotorar som vi kan bruke. Ein god regel er å ikkje bruke googel
først, men gå til dei meir seriøse. Men ein treng ikkje avskrive søkemotorane
heilt, men vere kritisk og lære elevane korleis ein bør bruke dei. Seriøse
aktørar er gjerne leksikon, nyheiter, offentleg informasjon er nokre av dei som
vi kan regne med å finne mest mulig relevant og rett informasjon frå( Nettbrev
2).
Som vi
ser, og lærer etter kvart, her er mange ulike søkje metodar som ein kan bruke.
Vi som er lærar må halde oss oppdaterte på desse og korleis dei er. Ein ser
gjerne etter om dei har reklame, om kva tid dei sit vart oppdatert og om
forfattaren skriv under med heile namnet. Alle desse elementa er med på å kunne
fortelje oss om ei nettside er til å stole, eller ikkje.
Litteraturliste :
Nettbrev
1: Informasjonskompetanse 1 - DKL102 - Ivar John Erdal - HVO våren 2012
Nettbrev
2: Informasjonskompetanse 2 - DKL102 - Ivar John Erdal - HVO våren 2012