fredag 3. februar 2012

Sosial Web 1


Sosial web

I denne bloggen teke eg føre meg det  første emne som vi har i DKL 102 våren 2012.
Vi har på forelesinga og gjennom 2 leksjonar fått eit viss innblikk i korleis dei ulike sosiale medium er, og korleis vi kan gjere oss bruk av dei i undervisning. Bruk av digitale verktøy er eit av fem grunnleggande kunnskapar elevane skal lære. Vi kan bruke data inn i mange fag i skulen, men er det alle sosiale medium som passer inn i skulekvardagen?
Vi skal og held på med å skrive ei oppgåve om korleis ein kan bruke sosial web inn i undervisninga. Her set vi oss djupare inn i korleis vi kan bruke sosiale medium til å fremme læring. Vi ser det er mange av dei ulike medium vi kan bruke, men ikkje alle.
Med sosial web, eller Web 2.0 som er eit nytt uttrykk for det, viser til at ein no ser på nettet som ein ny versjon. Ein hentar ikkje lenger berre informasjon ut frå nettet, men ein er med og produserer og legg ut, slik at andre kan lese og gjerne kommentere det du legg ut.
Kven er det som brukar dei sosiale medium i dag? Forsking viser at mest 50 prosent av befolkninga er innom eit nettsamfunn, ( som til dømes Facebook) i løpet av ei veke i 2010. om vi tenker på ungdom, er tala mykje større, blant 16-24 åringar var 92 prosent av jentene, og 89 prosent av gutane innom i løpet av ei veke(Norsk mediebarometer 2010).

Som ein ser, er sosiale medium noko som blir mykje brukt og er dermed noko som ein bør lære elevane å bruke. Men skal ein berre sleppe elevane laus i den digitale verden? Eg synst ikkje det, ein må som lærar sjølv ha kunnskap om dei ulike medium og korleis ein kan bruke dei. Det er nokre ting ein som lærar må ha fokus på, og det er sikker bruk av mediumet, og kva ein har lov til å legge ut.

 Om ein ser på Facebook, som er det mest nytta medium blant unge i dag, ser ein dei bruker det mest til å leite etter informasjon om venner, skrive meldingar, sjå på bilete  og kommentere det andre legg ut. Men ein del brukar det og til å vere med i interessegrupper, diskusjonsforum og hente ut informasjon om det som ein er opptatt av.

Men er det berre positivt å sleppe elevane fri på nettet? Mobbing på nett har vorte eit stadig større problem, og har skapt store problem for enkelte elevar. Ein må her vere klar på korleis ein brukar sosiale nettverk. Men det er og mange elevar som blir sitjande og ”surfe” på nettet i timane, og der med går glipp av undervisninga. Her må ein som lærar kunne seie : legg ned loket på lapptoppen, den skal ikkje brukast noko meir i denne timen.

Med gode kunnskapar som lærar, og å vere klar på korleis ein kan bruke ulike medium i undervisninga, kan ein gjere sosial web til noko lærerikt og spennande for elevane i skulen. Ein kan bruke det til mange ting, som blogging, googel docs, der ein samskriv, Twitter, som er korte meldingar, der ein finn både kjendisar og politikarar, og mange andre medium. Men ein bør finne og bruke det som passar best til det ein held på med, og ikkje berre sleppe elevane fritt til. Ønske om læring bør heile tida ligge til grunn for dine val som lærar.

2 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Du skriv at å bruke digitale verktøy er ei av dei fem grunnleggjande ferdigheitene som elevane skal kunne. Her burde du vise til Kunnskapsløftet der dette blei lansert i 2006. I Kunnskapsløftet står det også korleis desse verktya kan nyttast i dei ulike faga.

    Men som du seier står det ikkje noko om bruk av sosiale media. Her må ein som lærar sjå korleis dette kan gi meirverdi i undervisninga. Du bruker uttrykket Web 2.0, men eg saknar ein klar definisjon av kva dette eigentleg er. Det er nok fleire som les dette innlegget og lurer på kva dette står for. Du nemner fleire program som går inn under omgrepet, så ein får likevel ei lita forståing for kva dette omgrepet står for.

    Du er litt kritisk til å sleppe elevane laus i jungelen av desse sosiale media. Før ein let elevane bruke sosiale media som Facebook og studieblogg i undervisninga er det viktig at ein som lærar gir elevane opplæring i korleis ein skal oppføre seg på nettet.

    Kanskje kunne du ha skreve noko om kva du meiner skulle vore med i denne opplæringa? Boka DidIKTikk (2008) av Bjarnø, Giæver, Johannessen og Øgrim inneheld mykje god informasjon om bruk av Web 2.0 og hensyn ein må ta ved bruk av dette i skulen, og kan gi deg fleire tips.

    SvarSlett