tirsdag 10. april 2012

Tenkeverktøy


Bloggtagg : Tenkeverktøy, DKL 2012.
I denne bloggen skal eg ta føre meg kva eit tenkeverktøy er, og om vi kan bruke det og korleis vi kan bruke det. Det som er viktigast for meg som DKL student, er sjølvsagt å kunne gjere meg nytte av dette i undervisning, men og for å kunne planlegge undervisning som eg sjølv skal ha. Meininga må vere å kunne bruke det til meirverdi i læringa, og let vere å bruke den der vi ser det kan vere vanskeleg der vi ikkje ser verdien i det.
Å kunne bruke eit verktøy som vi kan kalle tenkestøtte, gjer oss muligheiter til å utforske ulike muligheiter der ein brukar IKT- verktøy som ei støtte i tenkearbeidet, og dermed gi oss kunnskap i læringsarbeidet. Dette kan vi bruke åleine, eller i lag med andre, dersom verktøyet tillet det. Dersom ein ser på digital bruk i forhold til å skrive på papir, har ei desse fordelane ved data( frå ei idémyldring) : handskrift er ikkje eit tema, lettare å få til god struktur, lettare å redigere, lettare å dele, kan bruke mindre papir, og mykje lettare å lagre og finne igjen på ei maskin, kontra på ark. Men ein har og nokre negative ting, som ein må kunne grensesnitt, ein må ha tilgang på infrastruktur og meir krevande å initiere bruk. Vidare ser ein treng grunnleggande digital kompetanse for å kunne bruke det.
Vi har fleire ulike bruksområder vi kan bruke elektronisk tankekart til. Dei som er viktigast er forklaring og visualisering, idémyldring, ekspertkart, utredning, utforskning, kunnskapsbygging, tekstskapning, kognitiv støtte, samarbeid og utviklig. Som vi ser er det mange ulike bruksområder  vi kan legge opp undervisninga på.
Programmer som ein kan bruke i skulen: her er det ein del av dei som er gratis, men fleire av dei har gått over til å bli meir kommersiell, der ein må betale for dei. Eit alternativ kan vere at læraren betaler for lisens, mens elevane bruker ein gratisversjon(Antvort 2012).
Mindomo i gratisversjon  lar deg bruke opptil 3 kart på ein gang. Dette verktøyet kan ein dele og samarbeide i. Samarbeidet kjem i stand ved at ein deler tankekart for samredigering ved hjelp av e-post. Ein har her ein eigen dokumentoversikt over det kartene ein  har laga sjølv, delt med andre og dei karta som andre har delt med deg. Her kan ein halde på med karta samtidi, men ein må vente på tur for å kunne lagre endringar. Nytt er at ein frå 2010 har hatt ein google-liknade type samarbeid, som kan gjere idemyldring i klassa via ein projektor til ein interessant måte å bruke den på(Antvort 2012).
 Link til å registrere seg er : http://www.mindomo.com/
Vi kan og bruke andre, som xmind, som er likt mindomo, men med ikkje so gode eksport muligheiter, og freemind, men dette er ikkje nettbasert, med dei fordeler og ulemper dette medfører(Antvort 2012).
Som ein ser på desse eksempla, har ein fleire muligheiter til å kunne bruke tankeverktøy i undervisninga. Ein del av dette kan vere vanskeleg for elevane å bruke, ein må som lærar finne ut kva som passer elevane og dei ulike klassetrinna.

Litteraturliste
Antvort, Kjell 2012 : Tenkeverktøy 1 - DKL102 - Kjell Antvort - HVO våren 2012
Nettressurs henta 10.04.2012 : http://www.mindomo.com/

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar