her finn ein linken til den første samlinga vi hadde, dette var trening for å kunne sjå korleis ein samskriv, og ein måte å bli kjente med kvarandre :
VEGGEN 2011
Her skriv eg litt av det som vi gjennom hausten har vore innom i DKL 101. Varierte tema, der eg ikkje kan skrive om alt, men litt om det som eg synst er viktig å ta med seg vidare inn i læraryrke.
mandag 28. november 2011
fredag 25. november 2011
Bilder og tekst
KOPIERING AV TEKST / BILDER
Tekst og bilder tilhører meg, om ikke annet er oppgitt. Viser til Lov om opphavsrett som sier "Den som skaper et åndsverk, har opphavsrett til verket."Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Bilde del 2
Bilde DKL 101 hausten 2011
Samling nr 2 i haust handla om fotografering og bilde. Her gjekk vi i lag og trena oss på å ta bilde. Blender, lukketid og ISO var noko av det som vi fekk lære denne samlinga.
- Blender, finn ein på objektivet. Det fortel noko om kor mykje lys ein slepp inn, gjennom ei opning i objektivet. Stor opning, mykje lys, lita opning, lite lys.
- Lukketid, fortel noko om kor lenge ein slepp inn lys. 1/60 er vanleg tid. 1/500 er kort tid, når ein teke bilde av ein bil i fart.
- ISO, er det som fangar opp bilda. Er ei bildebrikke som er lite eller mykje følsam. 100= lite følsam, 6400 = mykje følsam. Når ein teke bilde om vinteren( lyst) treng ein lite ISO, men er det mørkt, treng ein mykje ISO.
Andre ting som vi såg på og trena oss på, var til dømes WB, hvitbalanse og brennvidde( avstand frå objektivet til bildebrikka).
Korleis er ei telelinse?
Ei telelinse på 85-800 mm kan passe til å ta bilde av dyr, fugler og blomster, der ein skal ha med mykje detaljar.
Ei linse er vanleg på 35-55 mm, denne kan ein bruke til det meste.
Har ein ei på 18-55mm, er 18mm innstillinga der ein får mest med, og på 55 mm somer ein mest inn.
Eg har sjølv eit Canon 1000D EOS kamera med to linser på. Den som eg bruker mest er ei linse på 18-55 mm. Den andre er ei Sigma linse på 70-300 mm.
Eg har i alle år likt å ta bilde, har sikker over 10000 bilde. Men det som eg ikkje har vore flink til er å rediger bilda. Då var det som vi lærte med bruk av Picasa og Piknikk denne helga viktig for meg. Her har ein muligheit til å laste opp bilete frå maskina og lagre dei på Picasa. Her kan ein lett overføre dei til Piknikk der ein kan behandle dei på mage ulike måtar. Dette har gjort meg meir bevist på at ein kan fikse og trikse med eit bilde og få det mykje betre enn det ein har i utganspunktet. Men med å studere kameraet og lære seg å bruke det med dei rette innstillingane, ser ein betre korleis ein kan få gode bilete med rett bruk av kameraet. Det som har vore eit lite problem med det kameraet eg har, er eg får ein del uklare bilete. Dette er noko som eg har fått andre ( gode fotografar) til å sjå på, og dei meinar det ligg i den automatsike fokusen på kameraet. Eg ser no, om eg brukar manuelle innstillingar, so får eg betre og klarare bilde. Her ligg ein bildeserie eg har hatt inne på lokal internett side, Velledalen.net. den er frå jakt 2011 og heiter ” det gode liv ” :
Her kan ein og finne masse fine bilete frå naturen i Velledalen på :
I denne bloggen har eg sett på korleis eg har lært ein god del om bilete, bruken, lagring og teknologien som ein finn i eit kamera. Dette har vore lærerikt, tusen takk til Dag Frøland, ein engasjert og dyktig forelesar når det gjeld fotografering.
Kjeldeliste :
Eigne notat, frå førelesning den 13 og 14 oktober 2011.
http://www.velledalen.net/www/index.php?id=1330, nettside, henta 25.11.2011
http://bilete.velledalen.net/, nettside, henta 25.11.2011
torsdag 24. november 2011
Digital kompetanse
Digital plattform kompetanse, DKL, haust 2011
Kva er digital kompetanse for oss som går DKL 101. I leksjonen som er lagd ut blir det beskrevet som ei ” kompetanseplattform for læringsarbeid med digitale verkty”. Dette ser eg på som noko vi skal lære å bruke til eigen nytte. Vi må kunne det sjølve, for å kunne la elevane våre få ta lærdom av det vi kan. Dette er ikkje noko vi lærer på ei samling eller to, men noko som vi bruker lang tid på. Derfor er læring av digital kompetanse noko som vi skal lære gjennom gjentatt trening i dei ulike oppgåvene vi har gjennom studiet. I lærebøkene vi bruker, kan ein finne mange ulike definisjonar på kva digital kompetanse er.
I boka til Erstad (2008) Digital kompetanse i skolen - en innføring definisjonen finn ein i innleiinga ein definisjon på at ein må auke forståelsen for kva pedagogisk bruk av IKT betyr. Han skriv ” Digital kompetanse er ferdigheter, kunnskaper, og holdninger ved bruk av digitale medier for mestring i det lærende samfunnet”(Erstad 2008). Med å kunne meistre desse grunnleggande ferdigheitene er ein på veg til å få den kunnskap ein treng for å forstå korleis ein kan og bør bruke IKT i skulen.
Karlsen og Wølner (2006) har i Den femte grunnleggende ferdighet. Portefølje og digitale mapper – et sted for læring tatt føre seg det dei meinar ein lærar bør kunne for å oppnå den siste av dei digitale ferdigheitene, som dei kallar ein pedagogisk digital ferdigheit, der dei meinar læraren må ha :
– oversikt over dei forskjellige typar digitale medium som kan vere ein ressurs for integrering i fag, å kunne sjå muligheiteter og tenke nytt i forhold til å integrere arbeid med digitale redskaper i undervisninga, å kunne planlegge for bruk, å kunne legge til rette for at digitale medium blir naturleg integrert i faga, å vite korleis dei tekniske ferdigheitene kan brukast i ein pedagogisk sammanheng og å kunne legge til rette for bruk av digitale medier i ein læreprosses (Karlsen og Wølner 2006 :23). Her er ein inne på mykje av det som eg meinar er grunnleggande for å kunne bruke IKT i skulekvardagen.
Korleis ein bruker IKT I skulekvardagen er avhengig av mange ulike faktorar. Tilgang og kor mange maskiner ein har spelar ei rolle for elevane. Men har ein ikkje lærar med nødvendig kompetanse innan IKT kan faget bli lagt for lite vekt på i skulen. Mange elevar har mykje kunnskap om data frå før. Men for å kunne lære god og lærerik bruk av IKT må læraren ha ein god del kunnskap å kunne lære frå seg.
Litteraturliste:
Antvort, Kjell (2011) Digital plattform Høgskulen i Volda,
Erstad, Ola(2008). Digital kompetanse i skolen - en innføring (3 opplag.). Oslo:
Universitetsforlaget.
Karlsen, Asgjerd Vea. & Wølner, T. A. (2006). Den femte grunnleggende ferdighet. Portefølje og digitale mapper – et sted for læring (1. utg.). Oslo: Gyldendal Akademisk.
torsdag 10. november 2011
Bilder
Legg her inn ein flott bildeseri om Den store jakten på kjærligheten.
https://picasaweb.google.com/103389555875842717878/14Oktober2011?locked=true&feat=content_notification
Her må vi redigere litt meir, og finne ut korleis ein får direkte tilgang på bilda...noke som har gode tips?
Ådne
https://picasaweb.google.com/103389555875842717878/14Oktober2011?locked=true&feat=content_notification
Her må vi redigere litt meir, og finne ut korleis ein får direkte tilgang på bilda...noke som har gode tips?
Ådne
Mappeoppgåve 1
Mappeoppgåve 1 er ei samskrivingsoppgåve der vi skal bruke Goggels dock. Her var eg i starten på ei gruppe med 4 andre. Men desse 4 dukka ikkje opp, så eg vart åleine... Men på samling nr 2 i oktober, vart det danna ei ny gruppe. Desse var Michell, Trond ig Marius. Vi møtest på Åse skule, og har arbeidt i lag for å skrive oppgåva. So no skal vi møtast på mandag som kjem for å fullføre og få den levert.
Ådne
Ådne
fredag 16. september 2011
Oppstart 2011
I går fredag var det oppstart på DKL 2011. Første oppgåve var å intervjue ein av medstudentane. Den eg intervjua var ein kar inna Horningdal, Rasmus Gausemel. Han er ein ung mann som går tredje året på lærarskulen, men er ferdig til våren, då han har tatt idrett heilårsstudium før han var i millitæret eit år. No tek han DKL, matematikk og RLE OG pendler frå heimstaden i Horningdal. Han kan fortelle att han ikkje likte spørsmålet om kvifor han ønsker å bli lærar, men han liker å halde på med idrett og kunne jobbe med barn og unge, og derfor vart det læraryrket. DKL ser han på som viktig å kunne bruke i undervisninga, der han meiner fleire lærara treng meir kunnskap om datafaget, og dette blir meir og meir aktuellt i tida som kjem.
Abonner på:
Innlegg (Atom)