fredag 25. november 2011

Bilde del 2


Bilde DKL 101 hausten 2011
Samling nr 2 i haust handla om fotografering og bilde. Her gjekk vi i lag og trena oss på å ta bilde. Blender, lukketid og ISO var noko av det som vi fekk lære denne samlinga.
-          Blender, finn ein på objektivet. Det fortel noko om kor mykje lys ein slepp inn, gjennom ei opning i objektivet. Stor opning, mykje lys, lita opning, lite lys.
-          Lukketid, fortel noko om kor lenge ein slepp inn lys. 1/60 er vanleg tid. 1/500 er kort tid, når ein teke bilde av ein bil i fart.
-          ISO, er det som fangar opp bilda. Er ei bildebrikke som er lite eller mykje følsam. 100= lite følsam, 6400 = mykje følsam. Når ein teke bilde om vinteren( lyst) treng ein lite ISO, men er det mørkt, treng ein mykje ISO.
Andre ting som vi såg på og trena oss på, var til dømes WB, hvitbalanse og brennvidde( avstand frå objektivet til bildebrikka).
Korleis er ei telelinse?
Ei telelinse på 85-800 mm kan passe til å ta bilde av dyr, fugler og blomster, der ein skal ha med mykje detaljar.
Ei linse er vanleg på 35-55 mm, denne kan ein bruke til det meste.
Har ein ei på 18-55mm, er 18mm innstillinga der ein får mest med, og på 55 mm somer ein mest inn.
Eg har sjølv eit Canon 1000D EOS  kamera med to linser på. Den som eg bruker mest er ei linse på 18-55 mm. Den andre er ei Sigma linse på 70-300 mm.
Eg har i alle år likt å ta bilde, har sikker over 10000 bilde. Men det som eg ikkje har vore flink til er å rediger bilda. Då var det som vi lærte med bruk av Picasa og Piknikk denne helga viktig for meg. Her har ein muligheit til å laste opp bilete frå maskina og lagre dei på Picasa. Her kan ein lett overføre dei til Piknikk der ein kan behandle dei på mage ulike måtar. Dette har gjort meg meir bevist på at ein kan fikse og trikse med eit bilde og få det mykje betre enn det ein har i utganspunktet. Men med å studere kameraet og lære seg å bruke det med dei rette innstillingane, ser ein betre korleis ein kan få gode bilete med rett bruk av kameraet. Det som har vore eit lite problem med det kameraet eg har, er eg får ein del uklare bilete. Dette er noko som eg har fått andre ( gode fotografar)  til å sjå på, og dei meinar det ligg i den automatsike fokusen  på kameraet. Eg ser no, om eg brukar manuelle innstillingar, so får eg betre og klarare bilde.  Her ligg ein bildeserie eg har hatt inne på lokal internett side, Velledalen.net. den er frå jakt 2011 og heiter ” det gode liv ” :
Her  kan ein og finne masse fine bilete frå naturen i Velledalen på :
I denne bloggen har eg sett på korleis eg har lært ein god del om bilete, bruken, lagring og teknologien som ein finn i eit kamera. Dette har vore lærerikt, tusen takk til Dag Frøland, ein engasjert og dyktig forelesar når det gjeld fotografering.
Kjeldeliste :
Eigne notat, frå førelesning den 13 og 14 oktober 2011.   
http://bilete.velledalen.net/, nettside, henta 25.11.2011

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar