Informasjonskompetanse,
våren 2012, DKL.
Vi
ser heile tida at nettet utgjer ein stadig større del av mediebruken vår.
Særleg er det barn og unge som bruker det. Vi kan finne nærast ubegrensa
mengder og mangfald av informasjon. Men er alt som vi finn relevant og til å
stole på, eller er det forholdsregler vi må ta for å kunne bruke det vi finn?
Ein
definisjon på informasjonskompetanse er : "...en samling
av ferdigheter som gjør en person i stand til å identifisere når informasjon er nødvendig, og som setter vedkommende i stand
til å lokalisere, vurdere og effektivt anvende
denne informasjonen"( Store norske leksikon).
Før var læringa meir prega av pugging av faktainformasjon enn det
vi finn i dag. No legg dei læringsteoriane vi kjenner til, meir vekt på læring
som konstruksjon av kunnskap, der det å lære å lære er viktig. Å kunne finne
fram til god informasjon, er eit mål i seg sjølv. Korleis kan vi finne relevant
informasjon, korleis skal vi velje, vurder og organisere informasjon til ulike
mål er noko av det som vi må legge vekt på når vi skal lære elevane å finne den
informasjonen som vi er på leiting etter( Nettleksjon 1).
SSB (Statistisk sentralbyrå)
viser oss sentrale kjenneteikn ved det vi kallar informasjonsamfunnet i
Norge :
-
Fleire og fleire tenester vert tilbydd
via nettet.
-
9 av 10 hushaldningane har internet og 22
prosent av hushaldningane nyttar og mobilt breiband i 2010.
- 83
prosent av hushaldningane har breiband, flest blant dei med høge inntekter.
- Norske hushaldningar har PC og
internett-tilgang om lag som i andre nordiske land, medan norske føretak nyttar IKT mindre
enn føretaka i grannelanda.
- I
2008 omsette informasjonssektoren for 241 mrd kroner, verdiskapinga var på 91
mrd kroner.
- Informasjonsektoren
hadde om lag 100 000 sysselsette i 2008( Nettbrev 1).
Som
vi ser, er dei aller fleste inne på nett, bruker det og det er mange som
arbeider med det, og det blir dermed skapt store verdiar av det.
Ein
person som er informasjonskompetent er ein person som er klar over at korrekt
og fullstendig informasjon er ein føresetnad for gode beslutningar , han innser
behov for ny informasjon, han finn mulige informasjonskjelder og kjenner til
måtar å bruke søkehjelpmiddel på, han kan å formulere hensiktsmessige
søkestrategiar, han søker effektivt etter informasjon, han vurderer den informasjon
han finn kritisk og vel ut den informasjon han meinar er passande, og bruker
den nye informasjonen på ein kreativ måte( Nettbrev 1).
Ei
kort oppsummering av det vi kan hente ut av ulike kjelder gir oss dette :
1. Å kunne søke/finne/lokalisere informasjon
2. Å kunne vurdere informasjon kritisk
3. Å kunne bruke/anvende informasjon ( Nettbrev 1)
Vi
har mange ulike søkemotorer som vi kan bruke. Ein god regel er å ikkje bruke
googel først, men gå til dei meir seriøse. Men ein treng ikkje avskrive
søkemotorane heilt, men vere kritisk og lære elevane korleis ein bør bruke dei.
Seriøse aktørar er gjerne leksikon, nyheiter, offentleg informasjon er nokre av
dei som vi kan regne med å finne mest mulig relevant og rett informasjon frå(
Nettleksjon 2).
Som
vi ser, og lærer etter kvart, her er mange ulike søkje metodar som ein kan
bruke. Vi som er løarar må halde oss oppdaterte på desse og korleis dei er. Ein
ser gjerne etter om dei har reklame, om kva tid dei sit vart oppdatert og om forfattaren
skriv under med heile namnet. Alle desse elementa er med på å kunne fortelje oss
om ei nettside er til å stole, eller ikkje.
Litteraturliste :
Nettresurs henta 22.04.2012 :
Store
norske leksikon http://snl.no/informasjonskompetanse
Nettresurs
henta 23.04.2012:
Statistisk
sentralbyrå http://www.ssb.no/
Nettbrev
1: Informasjonskompetanse 1 - DKL102 - Ivar John Erdal - HVO våren 2012
Nettbrev
2: Informasjonskompetanse 2 - DKL102 - Ivar John Erdal - HVO våren 2012