IKT
og TPO, DKL 2012
Å kunne tilpasse
opplæringa til elevane på alle trinn i skulen er eit overordna mål i den norske
skulen. Alle elevane har rett til ei opplæring som passar deira nivå og deira
føresetnader. Å kunne bruke IKT i TPO har eit mykje større potensiale enn det
skulen har gjort seg nytte av. Utfordringa er å kunne sjå korleis og når ein
kan bruke dette i undervisninga.
Alle elvane skal
når dei arbeider med faga få møte utfordringar. Dei skal alle ha noko som dei
kan strekke seg mot. Dei skal ale saman føle dei høyrer til i det same fellesskapet.
Alle skal få føle glede ved å nå måla sine og kunne få følelsen av å meistre. Dette
gjeld og elevar med særlege vanskar, eller særlege evner og talent på ulike
område.
Skolen
skal ha rom for alle, og lærarane må derfor ha blikk for den einskilde.
Undervisninga må tilpassast ikkje berre til fag og stoff, men også til
alderstrinn og utviklingsnivå, til den einskilde eleven og den samansette
klassen(LK06).
Derfor er det
viktig for ein lærar å sjå den enkelte elev og kunne nytta seg av dei evna dei
enkelte har. Nokre lærer best ved å lesa (visuell læringsstil), medan andre
lærer best ved å lytta (auditiv læringsstil) (Nettleksjon, HVO).
Dette kan styrke læringa og utviklinga
for både eit fellesskap, og ikkje minst for den enkelte. Opplæringa skal gi
alle elevane, ein skal ikkje la kjønn, alder og sosial, geografisk, kulturell
og språkleg bakgrunn vere med på å styre kva den enkelte elev kan lære. Alle skal
ha høve til å utvikle seg gjennom arbeid med dei ulike faga i det som skal vere
eit inkluderande læringsmiljø. TPO for kvar enkelt elev skal giast ved
variasjon i bruken av både lærestoff, arbeidsmåtar og læremiddel. Vidare skal det vere variasjon
i organiseringa og intensiteten i det dei skal lære(Opplæringslova).
Korleis kan då
vi som er lærarar bruke IKT som eit av
dei instrumenta vi har for å kunne gi elevane økt utbytte i læringa. Dei mest
vanlege midla vi bruker er : tekstbehandlar, presentasjonsverktøy, nettstadar
for å søkje etter informasjon og tenester for å gi informasjon. Vidare har vi
mange ulike nettstader og liknande som har ulike program som elevane kan bruke.
Eg har sjølv brukt litt av desse til eigne barn, og ser at fleire av desse er
med på å gi økt læring og forståing. Mange lærarar er flinke til å vise elevane
og foreldra kor dei kan finne slikt, dei skriv om dei på lekseplanar eller på skulane sine heimesider. På denne
måten kan elevane arbeide med dei i lag med foreldra, utan om skuletida. Foreldra
er ein viktig ressurs å bruke, det er ofte dei som kjenner barna best.
Det er viktig
for lærarane og skulane, å halde seg oppdatert på dei ulike hjelpemidla som ein
kan få tak i. Det har etter kvart vorte mange av dei, også mange spesial
program. Ein må kunne vurdere dei opp mot kvar andre, og det som kan passe for
ein elev, passer ikkje nødvendig for ein anna. Ein har ein del gratisprogram
som ein kan laste ned og prøve, for å sjå om desse kan passe til dei kritereia
som ein er på jakt etter.
Litteraturliste
:
Nettleksjon :
IKT og tilpassa opplæring
våren 2012 : Digitale verktøy i tilpassa
og spesielt tilrettelagt opplæringa. Høgskulen i Volda.
Nettresurs henta
20.04.2012 : http://www.udir.no/Lareplaner/Prinsipp-for-opplaringa/Tilpassa-opplaring-og-likeverdige-foresetnader/
Nettresurs henta
20.04.2012:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar