Tekst Haust 2011
Her skal eg skrive litt om tekst. Korleis kan ein bruke tekst inn mot IKT? Ein ser gjerne( eller såg gjerne) tekst som noko som elevane skapte på skulen. Men tekst kan vere mykje meir enn det. Den vanlege teksten som er ”trykte eller skrevne ord, setningar, avsnitt som er føyd saman til en enhet”(SNL 2009) som kan vere eit av fleire beskriving, brev, forteljing, roman, novelle skodespel og dikt eller anna. Når ein tek inn undervisninga tek ein og med biletstoff, film og lydopptak. Ein har då fått inn utrykk som kallast samansette tekstar og munnlege tekstar. Tekstproduksjonen har tradisjonelt høyrt heime i skrivefaga, norsk og engelsk.
Våre mål i DKL skal vere å vete kva som ligg i nokre omgrep som : tekst, digital tekst og samansette tekstar. Vi skal kunne seie noko om kvifor vi skal bruke IKT som for eksempel i tekstskaping i skulen. Vi skal ha oversikt over sentrale omgrep og sjangrar innan innan tekstar produsert gjennom IKT. Vi skal ha fåt idear, inspirasjon og forslag på korleis vi kan skape tekst med bruk av IKT, og vi skal kunne overføre og gjere oss nytte av disse kunnskapane i vår eigen arbeidssituasjon.
Den måten vi har brukt tekst på er gjennom mappeoppgåve 1. Der har vi gjennom samarbeid i ei gruppe på 4 stykke, lært oss om korleis vi kan samarbeide om å skrive ei oppgåve der vi ikkje treng å sete i samen klasserommet, men kan sete heime og skrive kvar for oss. Vi kan sjå kan dei andre som er pålogga er, og vi ser med ein gang kva den enkelte skriv eller gjere av forandringar. Vi kan kome med tips og spørsmål til kvarandre, og forandre på kvar andre sine tekstar. Det som eg meinar er ein fordel med å bruke den i ein skulesituasjon, er at då er alle elevane tid stades på same tidspunktet. Derfor arbeide alle med det same på same tidspunkt.
Denne måten å jobbe på gjer elevane ei følelse av dei er med og bestemmer og lager ei oppgåve i fellesskap. Dette kan gi svake elevar meistringsfølelse, og dei flinke elevane kan hjelpe dei svake. Her er mange muligheiter til å få dette til, men ein ser at læraren bør ha ein god del kunnskap om korleis han ønskjer dette gjennomført.
Å kunne møte elevane på det nivå dei er på er viktig for alle lærarar å få til. Korleis dei ulike elevane lærer, kan variere frå elev til elev. Å finne den passande vegen å ga, kan vere vanskeleg, men med å bruke IKT i undervisninga, har eit godt hjelpemiddel for å kunne nå enda fleire av elevane(Høiland og Wølner, 2007).
Litteraturliste :
DKL Tekst veke 39 og veke 40. HVO 2011
Høiland, T. & Wølner, T. A. (2007). Fra digital ferdighet til kompetanse - om didaktikk for arbeid med digitale medier i skolen (1. utg.). Oslo: Gyldendal Akademisk