mandag 28. november 2011

Rekneark


Rekneark
Rekneark er ein del av det som vi skal innom I DKL. Vi er her innom to delemne, der det første teke føre seg eit teknisk utgangspunkt. Eg har ikkje sjølv brukt rekneark noko særleg, kunn på ein del øvinsoppgåver gjennom tida på HVO. Her har vi fått ei innføring i korleis ein kan bruke rekneark. Det reknearket eg sjølv bruker er Microsoft Excel 2010. Ein har og andre typar, som Goggle Spreadsheet  og Openoffice kan og brukast, i lag med andre gratis program.
Det som eg brukte ein god del tid på, var å kunne finne ut korleis formlane ein må bruke for å sete inn dei rette tala og teikna. Då dette var på plass, vart det med ein gang mykje lettare å sjå ein heilskap i korleis det fungerte.

Korleis kan ein bruke rekneark i undervisninga ? Matematikk er eit fag der ein kan bruke matematikk mykje. I kunnskapsløftet finn ein dei ulike læringsmåla som elvane skal kunne etter dei ulike trinna. Eit døme er etter 10ande trinn :

Matematikk - eleven skal kunne
  • sette opp enkle budsjett og gjøre beregninger omkring privatøkonomi.
  • bruke, med og uten digitale hjelpemiddel, tall og variabler i utforskning, eksprimitering, praktisk og teortisk problemløsing og i prosjekt med teknologi og desgin.
  • lage, på papirt og digital, funksjoner som beskriver numeriske sammenhenger og praktiske situasjoner, tolke de og omsette mellom ulik representasjoner av funksjoner, som grafer, tabeller, formler og tekst.( LK06)

Dette er sikkert det dei fleste lærarane bruker rekneark til. Men det som blir ei utfordring for oss er å kunne bruke rekneark inn mot andre fag enn matematikk. Med å bruke det inn mot andre fag, er ein med på å gi elevane meir digital kompetanse. Med andre fag tenkjer eg på i Naturfag, der læringsmål kan vere : Fenomener og stoffer :

-          gjennomføre forsøk med lys, syn og farger, beskrive og forklare resultatene (LK06)

i Samfunnsfag kan ein bruke rekneark i desse emna :
Samfunnsfag - eleven skal kunne
  • å behandle og sammenligne tallmateriell om faglige tema, og å bruke, tolke og lage tabeller og grafiske framstillinger. 
  • gjøre rede for størrelse, struktur og vekst i befolkninger og drøfte befolkningsutvikling og flytting i nyere tid.

 

Her ser ein at ein har mange muligheiter til å sete opp ulike typar rekneark. Ein kan bruke rekneark inn mot kroppsøving, samfunnsfag og andre. Her er det berre fantasien og kunnskapane til den enkelte lærar som kan sete stopper for kva ein kan bruke det til. Dette er noko eg håper eg får bruke i læraryrket, då eg ser dette er noko som kan vere eit fint alternativ for elevane å bruke i staden for vanleg undervisning og for å kunne bruke den femte grunnleggande ferdigheit.

http://www.udir.no/Lareplaner/, henta 20.11.2011.


 Rekneark 1 DKL101 hausten 2011 og  Rekneark – 2. HVO 2011

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar